Det er no klart at Fitjar får bygdekino. Første framsyning vert søndag 22.oktober. Det er ordførar Agnar Aarskog som fortel dette til Fitjarposten. Bygdekinoen har vore og sett på forholda i Kultur- og Idrettsbygget, og vil leggja Fitjar inn i programmet sitt. Allereie 22. oktober kjem dei med to filmar: "Trigger" og "It`s hard to be a Rock`n Roller". Og det vil bli endå eit par til før jul. Etter jul vil det bli ei meir permanent ordning med filmar kvar 14. dag. Vanlege filframsyningar vil kosta kr. 60 for vaksne og 50 for born. På premierefilmar vert prisen noko høgare.