-Stord Fitjar turlag i samarbeid med Fitjar Grunneigarlag, og god hjelp frå Fitjar Kraftlag med transport av materiell, laga ny bru, der elva renn ut frå Klovskarvatnet, fortel Toralv Røen til fitjarposten.no

Han fortel vidare at seniorgruppa i Turlaget har utført alt arbeid med bygging av brua, medan grunneigarlaget har dekke materialutgiftene.

-Dette er ein stad der mange har etterlyst ei bru. Det har vore vanskeleg å koma over elva her, og ved stor vassføring har det ikkje vore muleg, legg han til.