Til veka startar arbeidet med å laga til nye busslommer ved butikken på Rydland.

 

Det opplyser Jens Audun Atteraas ved Statens vegvesen. Han fortel at det i tillegg til ei heilt ny busslomme vis a vis butikken, skal den eksisterande busslomma for nordgåande buss utvidast.

 

Busslomma som kjem, blir ganske lik busslomma på Rimbareid. I tillegg vil det bli sett opp gatelys og sykkelparkering. Etter kontrakten skal arbeidet vera avslutta i midten av oktober, men Atteraas håpar entreprenøren Vassbakk & Stol ikkje treng heile den tida.

 

I anleggsperioden vil det bli nedsett fart forbi anleggsplassen.

 

 

Kostnaden er rekna til 1,2 millionar kroner, ifølgje plan- og byggeprogrammet til Hordaland fylkeskommune for 2015.

 

Ingressbilete: Å koma seg av og på sør-gåande buss på Rydland har så langt vore for risikosport å rekna, men det skal det bli ei betring på no. Foto: Arne Vestbbøstad