Midtfjellet Vindpark i strålande solskin ein klar haustdag var ei flott oppleving for deltakarane, då Diakoninemnda inviterte til fjells. Dei eldre var i fleirtal, den eldste nærmar seg 95 år.

Då guiden Johannes Koløen spurde om deltakarane hadde ferdast i Fitjarfjellet i yngre år, trur eg dei fleste nikka eller svara ja. Men langt frå alle hadde vore i nærleiken av vindmøllene som har blitt utbygd dei siste åra. Dagen før avreise talde deltakarlista 51 personar og det er rekord i påmelding. Varierande helsetilstand førde til at nokon laut trekke seg i siste liten, men ved bruk av rullator, rullestol eller ei hjelpande hand var det mogleg å bli med sjølv om ikkje førleiken er på topp. Johannes Koløen fortalde om vindmølle-prosessen som starta med vindmålingar i 1997 og fram til alle dei 44 møllene vart offisielt opna for eitt år sidan. Tidebussen køyrde langt innover på solide grusvegar mens Johannes tok fram episodar frå byggjetida. Mykje av dette har blitt formidla mange gonger, men det er noko spesielt når ein får sjå møllene i drift på nært hald. Oppe på Handfjellet var det pause med servering av kaffi og kaker. Trass i litt vind var det godt å ete ute; gradestokken viste nitten grader. Stadig vekk hadde Johannes noko nytt å fortelje og det vart peika på namngitte kjende fjell, vatn og øyar.   

Diakonituren starta med ei samling i Fitjar kyrkje, der Harald Johan Sandvik kåserte om den lokale kyrkjesoga frå den  gamle steinkyrkja fram til dagens kyrkjebygg. Sokneprest Olav Oma heldt andakt og minna om at Herren vår Gud har gitt oss livet, og utan han er me ingenting. Då klokka nærma seg 14.00, stoppa bussen ved Fjordhotellet der det vart servert  ein nydeleg komlemiddag med kaffi og dessert til slutt, og så var det tid for å fare heim.  Kanskje nokon då tok seg ein god middagslur og drøymde om eldoradoet i Fitjarfjellet.

I eit info-hefte om Midtfjellet Vindkraft står det at dei majestetiske vindmøllene er nye landemerke i Sunnhordland, på same måte som vardane var det før i tida. Desse nye landemerka står støtt  på fjell med utruleg vakker natur rundt seg på alle kantar. Diakoninemnda takkar Johannes Koløen og Midtfjellet Vindpark som gjorde det mogeleg for aldrande folk å kome til fjells og nyte frisk luft og vakkert utsyn i tillegg til all kunnskapen som vart formidla om vindkraft som gir rein energi og lokal verdiskaping.