Diakoninemnda stod som arrangør av ein tur til Sauda i går. Reiseglade pensjonistar fekk ein fin tur innover Ryfylke.

På Kløver Hotell vart det servert god svinesteik med is til dessert. Kaffi i koppane gav ny kveik slik at alle var opplagde til guida rundtur i Åbø-byen.

Besøk på industriarbeidarmuseet gav innblikk i smelteverket si soge frå 1920-talet og framover.

På heimveg var det meininga å ta ettermiddagskaffien utandørs, men regnet sette ein stoppar for det. På ferjekaien på Ropeid fann sjåføren ein høveleg parkeringsplass. Kaffi og velsmakande heimebakst vart servert inne i bussen.

Reisetida heimover vart nytta til mykje song, og det kom mange ønskje om å synge om det vakre landskapet og naturen.

Nøgde dagsturistar takka for ein flott tur, og klappa både for busssjåføren og diakoninemnda.

Dersom du har lyst til å vere med på ein slik tur, må du følgje med på turannonse i september. Nemnda har nye planar på gang.