Foto: Kjetil Ragde

Det skal ikkje ha vore nokon passasjerar om bord på bussen.

Ein personbil og ein buss kolliderte på eit svært glatt føre ved Osternes skule på Fitjar.

– Eg var sjåfør i bussen bak. Både eg og bussen som køyrde ut av vegen skulle henta skuleelevar på Fitjar. Begge bussane var tomme, fortel bussjåfør Kjetil Ragde.

Han fekk med seg heile hendinga, som var først omtalt av Sunnhordland.

– Det var veldig glatt. Bilen som kom i mot frå Sandvikvåg klarte ikkje å halda sida si. Så den traff hjørna på bussen sånn at bussen blei dytta ut i grøfta.

Han fortel at det ikkje er noko hindringar for trafikken no.

– Bussen står i grøfta utanfor vegen. Personbilen klarte dei å få inn i busslomma.

Saka blir oppdatert.

Foto: Kjetil Ragde