Arbeidstittel for prosjektet er: -Me kan greia det!

Skulekonsulent Kristin Skare informerte kommunestyret om status i saka.

Det er trong for å busetja fleire flyktningar på landsbasis. IMDi (Integrerings-og mangfoldsdirektoratet) ber Fitjar om å ta imot minst 10 personar for året i 2015, 2016 og 2017.

Praksis for busetjing i dag vert kalla ein solidaritetsmodell: Dersom ein kommune svarar nei eller tar imot færre enn ynskt, må talet aukast i resten av kommunane. Det er trong for at alle er med.

Kommunestyret vedtok 19. februar å greia ut saka. Mottaket set krav til bustader, barnehage, skuleplass og vaksenopplæring. Til betre startpakken er, til større sjanse er det for at integreringa fungerer. Det er eit viktig mål å få flest mogeleg ut i arbeid så snart som mogeleg.

Tenkt oppstart er mai 2015. Ein ynskjer då å ta imot 2 – 3 familiar, max 12 personar i 2015, og 10 nye kvar av dei neste to åra. Dersom ein tar imot enkeltpersonar, vil det gjerne utløysa krav om familiegjenforening seinare, og då har ein ikkje så god kontroll i framtida.

I debatten tok fleire ordet, let vel over den gode utgreiinga i saka og støtta tiltaket.

Toralv Røen, Ap, sa at no veit me det me treng. Tenk plassering i Dåfjorden! Der har me barnehage og skule og folk som kan hjelpa med praktiske saker. Her kan ein også få opp hus i ein fart!

Harald Rydland, Krf, var glad for ja til flyktningar! I førre periode var stemninga negativ. Fitjarbygda eignar seg til å ta imot! Lars Ove Rimmereid, Sp, støtta vedtaket, og såg gjerne for seg busetjing i krinsane. Men – det er betre å inngå avtalar med private selskap om bustader enn at kommunen skal kjøpa og auka gjelda.

Sigurd Andre Maraas, Frp, kommenterte at rapporten var god, men kommunen har mykje å ta tak i alt, før me gjer noko nytt. Det er heller ikkje sikkert at me får familiar. Han ville røysta imot.

Ved voteringa røysta 16 representantar for mottak, 1 røysta imot.

Ingressbilete:  Skulekonsulent Kristin Skare informerer kommunestyret. Foto: Harald Johan Sandvik

esteroides orales