På grunn av krisa i Syria har kommunane fått spørsmål om dei kan ta imot fleire flyktningar enn tidlegare planlagt. Bilete: Helse- og sosialsjef Anne Berit Hovstad Johansen informerer kommunestyret. Foto: Harald Johan Sandvik 

I kommunestyremøtet onsdag var saka handsama. Tilbakemelding frå kommunane vil leggja grunnlaget for vedtak om kor mange fleire vårt land kan ta imot.

I Fitjar var det planlagt å ta imot 12 flyktningar i 2015 og 10 i 2016. No er oppmodinga sett til 17 i inneverande år og 14 til neste år. 

Det er tilsett medarbeidarar og kjøpt to hus. Første familien kjem frå Syria og er venta i månadsskiftet juni/ juli, den neste familien kjem til hausten.

Helse- og sosialsjef Anne Berit Hovstad Johansen og rådmann Atle Tornes informerte om status pr. i dag. Praktisk sett kan Fitjar ta imot fleire. Både bustader, økonomi, skule og vaksenopplæring ligg til rette for det. Bygdefolket skal informerast gjennom Fitjarposten og gjennom samarbeid med velforeningane.

I debatten gjorde Sigurd Andre Maraas, Frp, det klart at han ville røysta imot å ta imot fleire flyktningar.

Terje Træet, H, var derimot positiv. Me må hjelpa, Syria ikkje er så langt borte, tenk berre på kor me reiser på ferie. Administrasjonen må ha i tankane å kunna ta imot endå fleire!

Harald Rydland, KrF, minna om at det er ikkje lenge sidan våre slektningar reiste til USA for å overleva, og dei vart godt mottekne. Me skuldar å syna dei same haldningar. No har me eit godt høve til det.

Arne Prestbø, H, meinte at her har kommunen lagt seg på ei forsiktig og grei linje. Me skal vera medmenneske og hjelpa syrarane! 

Ved røystinga vart fekk vedtaket 16 røyster, 1 røysta imot.