I kveld var det innbyggjarane i Fitjar sin tur til å seia til politikarane kva dei meinte om Fitjar-budsjettet for 2011. Berre to personar møtte. Dei representerte Fitjar Idrettslag og FAU på Rimbareid skule.

Ordførar Harald Rydland innleia møtet med å minne om at den opne høyringa var ein del av den demokratiske prosessen for godkjenninga av budsjettet. Formannskapet la fram eit forslag for fjorten dagar sidan, og dette forslaget har lege framme til høyring sidan då. Politikarar frå alle partia i kommunestyret var representert på møtet.

Det var berre to personar utanom politikarane som møtte. Ordføraren gav først ordet til Elin Siglen, leiar for Fitjar Idrettslag. Ho innleia med at det var bra med ei høyring der ein kunne koma fram med synspunkt. Ho presiserte så at Fitjar hadde gode idrettsanlegg og at laget dreiv ein formidabel dugnadsinnsats for å halda anlegga i orden. Idrettslaget fekk i 2010 kr. 240 000 til drifta av anlegga, etter ein avtale med kommunen. Etter reforhandling i år vert denne summen sett til kr. 290 000. Til samanlikning var summen kr. 267 000 i år 2000. Leiaren meinte det kunne dokumenterast at summen burde vore kr. 350 000 og håpte politikarane kunne finne meir midlar.

Representanten for FAU på Rimbareid skule, Marianne Aarbø, etterlyste ei betring av uteområdet ved skulen. Ho ville at kommunen var med på å setje opp eit stort klatrestativ og ei ”Tarzan”-løype (samansett av mindre apparat som hinderløype). Dersom kommunen gjekk inn med kr. 100 000, ville det kunne løysa ut kr. 200 000 av tippemidlar. Foreldre kunne bidra med dugnadsarbeid verdsett til kr. 100 000. Dette ville gje ein vinn-vinn situasjon for kommunen og ungane. Ho håpa at utbetring av utearealet kunne koma i gang snart, men var redd for at arbeidet stoppa opp i påvente av ny skule. Om ein sette opp nytt utstyr no, kunne dette flyttast og innarbeidast i ei ny skuleutforming.

Så vert det opp til politikarane i kommunestyret onsdag, om dei vil endre tala i nokre av postane på budsjettet for 2011.