I forslag til neste års budsjett ville rådmannen auke satsane for eigedomsskatt. SP, Ap og KrF har gått saman om eit forslag med same satsar som no. Høgre vil i sitt forslag begynne nedtrapping av eigedomsskatten frå neste år.

Det var gruppeleiar Wenche Tislevoll, den eine av Høgre sine to representantar i formannskapet som i ettermiddag, på ein pressekonferanse, la fram deira alternativ til budsjett for 2010. Ho starta med å nemne at Høgre heile tida har vore mot eigedomsskatt og at dei difor allereie no ville starte nedtrappinga. Men dette har ikkje berre med deira syn på skatten å gjera. Det er like viktig at verksemdene  i Fitjar får redusert utgiftene sine. Me er inne i ein periode med mindre tilgang på arbeid, og verksemdene slit. Også konkurransen vert skeiv fordi ein ikkje har denne skatten i Stord. Høgre vil redusere satsane til lågaste nivå som er 2 ‰ både for verksemder og private huseigarar. Dermed vert utgiftene til eigedomskatt for verksemder redusert til under halvparten av i dag.

Sidan ein får inn mindre eigedomsskatt må ein redusere på utgiftene til kommunen. Her vil ein redusere i administrasjonen. Vedlikehaldsbudsjettet vil ein og redusere sidan ein i år har hatt god nytte av tiltakspakken som kommunen fekk tildelt tidlegare i år. Den har gjort at ekstra mykje vedlikehald er utført. Også andre mindre innsparingar vil bli lagt fram.

Rådmannen har i sitt budsjett rekna med eit overskot på om lag kr. 2 500 000. Dette vil Høgre redusera til kr. 300 000. Ein får dermed meir midlar til disposisjon.

Høgre ynskjer å ta i bruk 2-3 nye plasser i sjukeheimen. Dei reknar med å bruke kr. 500 00 i ekstra midlar. Ved å ta ekstra plasser i bruk vil det bli mindre press på heimebasert teneste, og ein må vurdere om det kan drivast meir kostnadseffektivt. Målet må og vera å få fleire i faste stillingar så ein får redusert bruken av dyrare arbeidskraft frå vikarbyrå.

Til kommunen sitt 150 årsjubileum vil Høgre nytta kr. 100 000