Kommunestyremøtet onsdag gav ikkje den store debatten om Fitjar kommune sitt budsjett for 2011. Representantane var svært samstemte i at det var eit stramt, men bra budsjett som blei lagt fram.

På møtet vart det likevel lagt fram fleire forslag, men det framlagde forslaget frå Ap, Sp og KrF blei til slutt samrøystes vedteke.

Budsjettmøtet starta med innleiande budsjett-talar der alle gruppeleiarane hadde ordet. Først ut var ordførar Harald Rydland. Sidan dette er det siste budsjettet som vert lagt fram i denne kommunestyreperioden, hadde han eit tilbakeblikk. Han meinte innbyggjarane har eit godt tenestetilbod i Fitjar. Dei første budsjetta i perioden gav moglegheit til å betale ned gjeld, men etter kvart blei det mindre pengar frå staten. Dette gjorde at politikarane såg seg nøydde til å innføre eigedomsskatt. Finanskrisa gjorde at skatteinngangen gjekk ned, men ikkje så mykje som venta. Også ekstraordinære midlar gjorde at kommunen fekk gjort påkravd vedlikehald. Kommunen har hatt lojale tilsette som følgjer budsjetta.

På minussida nemnde ordføraren lang saksbehandlingstid for plansaker, kommuneplan som ikkje var klar og manglande tilrettelegging av næringsareal. Kommunen treng òg meir areal til bustadbygging. Her er snart feltet i Rossneset klart. Ordføraren rekna med at det til hausten vert oppstart av arbeidet på E39 og Vindparken. Begge delar meinte han ville bli positivt for Fitjar.

I dei vidare innlegga var både Sigurd Andre Marås (FrP) og Benedicte Meyer (SV) kritisk til budsjetthandteringa. Prosessen starta ope, men etter at Ap, Sp og KrF hadde gått saman, følte dei seg sett på sidelina. Dei meinte likevel at det framlagde budsjettet var til å leva med. Agnar Aarskog var ikkje einig i kritikken om budsjetthandteringa. Det var råd for alle gruppene å ta kontakt med kvarandre. Han meinte vidare at dei tre partia som var saman om framlegget, hadde fått til eit bra resultat.

Verken Høgre, SV eller FrP ville leggja fram eigne budsjettframlegg.

Det framlagde budsjettet hadde mange verbaltilføyingar. Rådmannen var kritisk til dette fordi han meinte dei delvis var inkonsekvente. Agnar Aarskog var ueinig i det. Verbaldelen inneber at det skal gjerast ein gjennomgang av ressursbruken i pleie og omsorg. Ein ber og rådmannen setja i verk tiltak for å redusera køane for behandling av saker på plan og miljøavdelinga.

Sjølv om budsjettet vart samrøystes vedteke, kravde Sigurd Andre Marås lovlegheitskontroll av måten avstemminga var gjort på. Han var ikkje samd med ordføraren sin måte å gjera avstemninga for budsjettet på.