Sunnhordland Caravan og Bobilklubb har hatt samling Fitjar i helga. 11 bubilar og ei campingvogn hadde funne vegen til Fitjar Camping ved Kvedno.

Leiar i arrangementskomiteen for treffet i helga var Birger Rogne frå Rubbestadneset. Jan Rasmussen frå Fitjar har formidla kontakten med Randi Dalen, som driv Fitjar Camping.

Dei er veldig fornøgde med lokaliteten og mottakinga frå vertskapet. Dette er ein av dei  beste plassane i distriktet. Det er ikkje mange plassar her i området dei kan parkera bubilane sine like i sjøkanten slik som her. Her betaler dei døgnpris med straum, toalett og alt inkludert. Randi Dalen har servert vaflar, og i helga fekk bubilentusiastane innvia eit flunkande nytt grillhus. Der var det reinsleg, varmt og triveleg i den kalde nordavinden.

Klubben har om lag 100 medlemmer, og formann er Kai Birger Veivåg frå Stord. Klubben har fleire planar for sesongen. I byrjinga av juni reiser dei til Olalio i Etne. 20.-23. august skal dei vera med på Brandasundsdagane, og årsfesten blir avvikla i slutten av september.

I fjor var 10 familiar frå Fitjar, Bømlo og Fusa til Kroatia på tur. Bubilentusiastane fortel at det er ei svært behageleg ferieform. Spesielt kjekt er det for ungane.

Det var ingen ting å seia på stemninga på stemninga laurdag kveld. Den kalde nordavinden såg ikkje ut til å bita på bubilentusiastane, men dei hadde kledd seg godt, og så er mange av dei tidlegare båtfolk. Så dei har nok vore ute ei uversnatt før.