Bergens Tidende har denne sommaren teke i bruk gode gamle "Granvin" som reportasjebåt, og skal i sommar tøffe rundt og vitje flest mogleg plassar i regionsavisen sitt indre rike. I dag var båten på Fitjar.

Om bord fann me, mellom anna, journalist Knut Langeland, som heldt på å klapra inn ein sak om Dåfjorden på pc`en sin.

Han tek eit avbrot i skrivinga, me snakkar litt om det gode ryktet slippen i Dåfjorden har – og om den nye Sjøsio m/Larsen. Og Langeland likar både det han høyrer, og det han ser. -Fint å reise på reportasje på denne måten, smiler han, og av bloggen hans i dagens BT, ser me at han manglar så visst ikkje noko i matvegen heller.

Kva som så kjem på trykk, på nett, eller i BT si papirutgåve, vil tida vise.