Det er ikkje kvar dag ein fitjarbu buset seg og giftar seg i Amerika. Det har Karen Elisabeth Helland gjort. Bryllaupet stod laurdag i New York.

Karen Elisabeth er dotter til Knut Helge og May Lisbeth Helland, og i alt 25 personar frå Fitjar, alt frå brudepiker på fire og seks til bestefar på 81 år, var samla i New York. Dei fekk alle del i eit ekte amerikansk bryllaup då Karen Elisabeth fekk sin Stephen.

Vigsla fann stad i hagen på Woodcliff Manor – New Jersey.

– Det var ei stor oppleving for alle, og me har det fantastisk flott «over here», melder gjengen som no skal på sightseeing på Manhattan med guide fra Fitjar, før dei dreg heim att.