Det nye brukarutvalet for Fitjar bu- og behandlingssenter, f.v. Gro Sandvik, Kari Bjelland Vik, Marte Kristin Vestbøstad Maraas, Harald Rydland og Turid Løbø.

I desse dagar her det blitt etablert eit brukarutval for Fitjar bu- og behandlingssenter. Dette er heilt nytt for helse- og omsorgssektoren i Fitjar.

Det politiske initiativet kom frå Harald Rydland og KrF. Bakgrunnen er at i helse og sosial har me ikkje hatt noko organ for brukarmedverknad, tilsvarande FAU eller samarbeidsutval i skule og barnehage. Her er det pålagt etter barnehagelova og skulelova.

– Det er ikkje eit slikt lovpålagt krav innanfor helse- og omsorgssektoren, seier Harald Rydland, men behovet er så absolutt til stades!

Det verkar sterkare på politikarane når foreldra uttaler seg, og han er sikker på at det same gjeld for representantar for brukarane i helse- og sosialsektoren. Derfor har dei sett i gang eit prøveprosjekt på to år med eit brukarutval på fem personar for Fitjar bu- og behandlingssenter.

Arbeidsgruppa som har utarbeidd mandatet for brukarutvalet har vore samansett av helse- og sosialsjef Anne Økland, Anne Berit Hovstad Johansen, Kari Bjelland Vik og Harald Rydland. Etter kvart kom Gro Sandvik med i arbeidet; ho har lang erfaring frå tilsvarnde arbeid barnehagesektoren og mykje kunnskap som kan overførast, meiner Harald Rydland.

Brukarutvalet skal ikkje engasjera seg særleg i saker som gjeld enkeltpersonar, det skal ikkje vera eit pasientombod. Ein vil sjå til skulesektoren og arbeida med saker som er av felles interesse, og som vil gjera kvardagen betre for brukarar, tilsette og pårørande. Dette kan til dømes vera:

  • Dagsprogram, måltid, meny m.m.
  • Rutinar når det gjeld informasjon til pårørande
  • Prosedyrar ved inn- og utflytting
  • Bemanning
  • Budsjettspørsmål
  • Gode rutiner for informasjon – felles infoflyt har vore mangelful
  • Aktivitetar og ulike trivselstiltak

Utvalet er allerie godt i gang med arbeidet sitt, og består av desse medlemmene:

  • Harald Rydland, frå utval for oppvekst og omsorg, Fitjar kommune
  • Gro Sandvik, kontaktperson for pårørande ved Fitjar bu- og behandlingssenter
  • Turid Løbø, kontaktperson for pårørande ved FBB
  • Kari Bjelland Vik, tilsett ved FBB
  • Marte Kristin Vestbøstad Maraas, tilsett ved FBB

Dei to sistnemnde vil ha sekretærfunksjon for utvalet.

- Annonse -

Politikaren Harald Rydland ser for seg at utvalet vil kunna uttala seg til dømes om økonomisaker i samband med budsjettbehandlinga i kommunen. Det vil ha større tyngde om representantar for brukarane får høve til å uttala seg, meiner han.

– Og dersom dette fungerer, kan me prøva det på andre område i kommunen òg, seier Rydland til slutt.