Bjørn Haaland lova å nytta refleksen han fekk. Foto: Ingrid Hovstad

Over heile landet har ein i dag markert refleksdagen, og på Fitjar dela elevar frå Rimbareid ungdomsskule ut refleksar i sentrum.

– Valfag trafikk ved Rimbareid skule plar alltid markera refleksdagen, fortel lærar Kjerstin Stokken.

Elevar i 9. og 10.klasse kan velja valfaget trafikk. Faget skal bidra til at elevane forstår kvifor me har trafikkreglar, og kva ein meiner med å være omsynsfull, merksam og forsiktig i trafikken.

– I år har Engevik og Tislevoll og Tryg Forsikring sponsa oss med refleksar som elevane skal dela ut både på skulen og nede i sentrum for å gjera folk bevisste på bruken av refleks, fortel Stokken.

– Eg lovar å nytta den

I sentrum treff me Emma, Hanna og Ingrid som deler ut refleksar til forbipasserande i sentrum. Fleire takkar jentene stort, og lovar å nytta dei.

– På skulen har me jobba i grupper, og snakka om kvifor det er so viktig å nytta refleks, fortel Emma.

– Me har prata om kor vanskeleg det er for billistar å sjå gåande utan refleks. Det er veldig viktig å nytta refleks, so ein vert sett, fortel Hanna.

– Difor delar me ut refleksar til folk no, i tillegg til at nokon deler ut til resten av elevane på skulen, avsluttar Ingrid.

F.h. Hanna, Emma og Ingrid deler ut refleksar i sentrum. Foto: Ingrid Hovstad

Ein av dei som får refleks er Sigbjørn Aarland, rektor ved Øvrebygda skule.

– Tusen takk. So flott at de markerer dagen, eg skal nemna det på Kveldaseta i kveld, lover han dei tre jentene.

Byt ut refleksen

Undersøkingar gjennomført av Trygg Trafikk syner nemleg at berre 4 av 10 vaksne nyttar refleks. Menn over 30 år er dei dårlegaste, medan born er flinkast.

– Ein fotgjengar med refleks gjev ein bilist heile 85% større sjanse for å sjå deg i tide, skriv Tryg forsikring. Dei minner folk om at refleks er ferskvare, og bør bytast oftare enn ein trur.

– Ein oppføre seg annleis når ein trur ein er beskytta av refleks. Ifølge vegmyndigheita har ein refleks ei levetid på vel 3 år, mindre om dei får hard medfart av til dømes leik eller vasking, fortel Espen Opedal, leiar i Tryg Forsikring.