Biblioteksjef SiljeTorbjørnsen har fått opna for utlån av bøker før påske, men i litt ny form. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Mange byrjar å kjenna heimekontor, heimeskule og ingen fritidsaktivitetar på kroppen. Kva skal ein finna på? Biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen har nokre idear.

For sjølv om Fitjar folkebibliotek(meirope bibliotek ogso) er stengt inntil vidare og i første omgang til 26.mars, kan ein fortsatt nytta dei digitale løysingane biblioteket tilbyr.

– Med appen Bookbites kan du laste ned e-bøker (og nokre lydbøker) på mobilen eller nettbrettet ditt. Du brukar lånekortnummeret ditt og pinkode frå biblioteket.

Ogso filmar kan lånast gjennom Filmbib, her ogso loggar du deg inn med ditt nasjonale lånekort.

Les e-aviser

– Ein veldig kjekk digital løysing for både store og små er Pressreader. Den lar deg deg lese aviser og tidsskrift digitalt. Pressreader finn du ved å logga deg på innpå nettsida til Fitjar folkebibliotek, og trykka på digitale tenester, opplyser Vågen.

Vidare har ein Bokhylla.no som er Nasjonalbiblioteket si samling av digitaliserte bøker frå før 2000. Samt Billedbokhylla.no som er Nasjonalbiblioteket si samling av digitaliserte biletbøker.

– Bøkene er frå før år 2000, men det er mange bokskattar her, fortel Vågen, som tipsar om forslag til søkeord: Marius, Stian, Labolina, Thomas (toget og Thomas og Emma bøkene), Postman Pat, Astrid Lindgren, Ruffen, Albert Åberg, Malla, Pulverheksa, Elsa Beskow.

– For deg som strevar med trykt tekst kan NLB vere eit godt hjelpemiddel. Tilbodet er gratis, og du kan sjekka om du kan nytta deg av NLB sine tilbod på deira nettsider.

Forlenga lånefrist

– Ta kontakt med biblioteket@fitjar.kommune.no om du treng lånenummer/pinkode eller hjelp, fortel Vågen.

Biblioteksjef Vågen forsikrar seg om du ikkje får purring om du har lånte media med lånefrist som går ut i desse koronatider.

– Har du lånt bøker, filmar eller lydbøker beheld du dei til biblioteket opnar att. Alle lån vert forlenga til 15.april. Det blir ikkje sendt ut purringar i denne perioden, avsluttar Vågen.