Då Elin Eidet og Trond Aarskog kom til bryllaupslokalet i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, vart dei møtte av eit anna brudepar, i ein heilt annan dimensjon. Biletet: Joakim Strand og Morten Skumsnes stylar brudeparet ferdig. Foto: Håkon C Hartvedt

Det var Kristian Skumsnes som på denne måten ville gje dei spesiell merksemd på sin måte. Han fortel til fitjarposten.no at han hadde sett på internett at nokon hadde gjort noko liknande, så han tenkte at dette kunne passe bra å få på plass når Trond skulle gifte seg. Kona hans, Torhild, har dekorert andleta til figurane.

Og han meiner òg at han opplevde at brudeparet syntest det var eit artig stunt.

– Synest du desse figurane bør få stå der vidare no når bryllaupet er over?

– Ja, Håkonarstatuen står jo her, så kvifor ikkje? smiler Kristian Skumsnes.