«Brubyggjarar – mot alle odds» er temaet for temakvelden i Fitjar førstkomande torsdag.

I pressemeldinga som me har fått i høve dette arrangementet, heiter det:

«I 2009 var Fitjar kyrkjelyd utfordra til å engasjera seg i Israelsmisjonen sitt arbeid. Ein kunne då velja mellom ulike prosjekt, og valde då «Bridgebuilders» eller «brubyggjarar». Bridgebuilders er Israelmisjonen sitt programområde som handlar om freds- og forsoningsarbeid.

Målet er

å arbeida for fellesskap mellom jødar og arabarar, særleg i Israel og det palestinske området

Å støtta fredsskapande tiltak i Midtausten

Å bidra til at det blir bygd relasjonar mellom einskildmenneske og folkegrupper

BB er eit møtepunkt på tvers av tvers av kulturgrenser, der rammer og opplegg stimulerer til refleksjon om identitet, fordommar og konfliktløysing. Ein utdannar unge menneske og gjev dei erfaringar og reiskapar som aukar muligheten deira for å vera fredsagentar i sine samfunn.

Dette oppnår ein ved å gje ungdommar frå Midtausten – saman med norske ungdommar – høve til å møtast jamnleg og lytta til kvarandre sine historier, og på den måten bryta ned dei fordommar som dei er omgjevne av til dagleg. Ein ynskjer på den måten også å utdanna «fredsagentar» som kan virka aktivt i sine miljø.

På temakvelden i Fitjar kyrkje på torsdag får ein besøk av misjonssekretær Odd Bjarne Skogestad, som gjev eit nærare innblikk i dette spennande og viktige arbeidet.»