Dette er andre gong programskaparen, forfattaren og føredragshaldaren Oddgeir Bruaset vitjar Fitjar Kultursal, og det skjer torsdag 5. mars.

 

Han vil her fortelja historier om personar frå vårt fylkje, dette er andre skildringar og personar enn dei han hadde førre gong han var her. Etter foredraget blir det kaffi og kaker som er i foajeen. Oddgeir Bruaset vil selje og signere si fjerde bok i serien «Der som ingjen skulle tru at nokon kunne bu». 

Populær fjernssynsserie
”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” har vore ein av dei mest populære fjernsynsseriane NRK har sendt dei siste åra. Meir enn 1,2 millionar sjåarar har følgt programma på det meste. No, etter at har serien gått i tolv år og 72 program er sende, har mannen bak programma, Oddgeir Bruaset, pensjonert seg.

Ved sida av å vere programskapar er Bruaset også forfattar og foredragshaldar. Dessutan har han gitt ut fire bøker som er baserte på serien, der vi får vite meir om stadene og menneska han besøker. Med bakgrunn i bøkene og programma vil Bruaset halde eit bildeforedrag om folket som ”bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. Han les utdrag frå bøkene, og han fortel om møte med menneske som lever på ein måte som for dei fleste av oss verkar usannsynleg og eventyrleg.