Turgåarar som har Surefjellet i Øvrebygda som mål, kan no gle seg over ny bru. Brua vart ferdig og teken i bruk i dag.

Den nye brua går over over Torvundsbekken på gamleveien til Surefjellet. Så no slepp folk å klatre ned i bekken for å komme over. Det har ikkje vore bru her før.

Det er leiar av Øvrebygda Vel Kjell Korsvik og Rolf Petter Johansen som har stått for arbeidet.

Dei to første turgåarane som prøvde brua, Kristine og Anne Berit Hovstad Johansen, kunne forsikre om at brua var stødig og god.