– Det er realistisk at bygginga av bru mellom Os og Stord kan starte i 2018, sa statsministerkandidat Erna Solberg på Sandvikvåg i ettermiddag. Ho vart teken imot av ordførarane på Fitjar og Stord.

Ho kom rett frå lunsj i heimen til KrF-leiar Knut Arild Hareide sine foreldre på Bømlo. Og Hareide følgde ho både til Sandvikvåg og til Os.

– At eg inviterte Erna på lunsj heime på Bømlo, er eit symbol på at me ønskjer at ho skal bli Noreg sin neste statsminister, sa Hareide til vg.no i denne samanhengen.

Erna Solberg og Høgre har for lengst gått inn for den midtre traséen når det gjeld E39 nordover mot Bergen. KrF har enno ikkje landa i denne saka. – Men eg vil anbefale at me òg går inn for denne traséen, sa Hareide i ein kommentar på Sandvikvåg i dag. Hareide støtta òg Solberg i at start på bygginga av bru mellom Stord og Os bør skje i 2018. -Det er ingen plass på E39 ein vil spare så mykje tid som ved å byggje bru etter den midtre traséen her, sa han.

Erna Solberg, følgd av eit heilt koppel av pressefolk, tok seg elles tid til å helse på mange av bilistane i ferjekøen;- før ho, saman med Hareide, gjekk om bord i ferja.

Les meir på bt.no.