Ordføraren og Næringsrådet inviterte politikarar og næringsliv til temamøte om E39, kryssing av Langenuen.

Onsdag 5. mars var det møte i kommunestyresalen, der temaet var E39 – vegen til Bergen og brukryssing over Langenuen.

På oppdrag frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland har konsulentselskapet KOWI utarbeidd ein rapport som gir ein samfunnsøkonomisk analyse av alternativa for plassering av bru over Langenuen.  Val av løysing vil ha stor innverknad på Fitjarbygda, grannekommunane og næringslivet. Det er viktig no å informera om fakta, konsekvensar og om prosessen vidare.

Rapporten skildrar
A: bruløysing i nord ved Levåg, B: same kryssing med bru til Austevoll, C: bru på midten ved Raunholm, D: i sør ved Jektevik og E: i sør med bru til Huglo og ferjesamband til Kvinnherad.

For Fitjar isolert sett er det alternativ nord med bru til Austevoll som gir aller høgast nytteverdi, men dersom Austevoll vert kobla på, gir det også eit svært positivt resultat for regionen totalt.

Møtet samla 26 personar, to av dei kom frå Austevoll, og representerte næringsråd og kommunestyre.

Ordførar Wenche Tislevoll informerte om møte med samferdsleministeren i Oslo på tysdag, der det var gitt uttrykk for at regjeringa ville ha byggestart så snart som mogeleg, og såg for seg oppstart i 2018. Ordføraren hadde ein gjennomgang av dei ulike alternativa i rapporten, og heldt fram at alternativ nord er det beste. Dette er bygt på konklusjonane i rapporten, på at E39 på austsida kan brukast – det vil korta byggetida kraftig ned, og det er det beste alternativet for Fitjar. Tysnes, som er sentral i dette biletet, vil koma godt ut i alle tilfelle.

Samtidig er det svært viktig med bru mellom Austevoll og Reksteren så snart som mogeleg. I prosessen vidare vil teknologi og kostnader spela ei stor rolle. Kontakten til Kvinnherad er ein viktig del av den totale pakken. Her er nytt ferjeleie på sør-austsida av Stord meir realistisk enn ferje til austsida av Huglo og bruer til Skorpo og Tysnes. I morgon, 7. mars, er det felles formannskapsmøte for Sunnhordland om saka, før den vert teken opp på møte i Samarbeidsrådet 17. mars.

Mange tok ordet i debatten, og Harry Møgster frå Austevoll Næringsråd minna om at Bergen tidlegare gjekk for indre alternativ over Fusa. Då dei oppdaga kor stor verdiskaping Austevoll stod for, snudde dei og gjekk inn for midtre alternativ med bru over Bjørnefjorden. Austevoll og Fitjar har alt mykje samarbeid. Dette må byggjast vidare. Lag rapport om verdiskapinga i Stord og Fitjar, slik Austevoll gjorde for eigen del! Samarbeid med næringslivet og næringsråda! Høyr på dei! Sunnhordland må stå samla!

Ingebrigt Sørfonn minna om at me bur i ”Gullregionen”. E39 er eit av dei viktigaste samferdsleprosjekta i landet. Austevoll er viktig å få med! Sunnhordland treng Austevoll meir enn Austevoll treng Sunnhordland!

Hugo Strand meinte det er ein skandale dersom Samarbeidsrådet ikkje følgjer konklusjonane i sin eigen rapport. Me treng å få bort ferjer. Det neste er økonomi og gjennomføringstid. Bygg medan oljeprisen er stabil! Me har ikkje garanti for utviklinga på den.

Agnar Aarskog poengterte at me snakkar om hovudveg, der det ikkje kan takast omsyn til enkeltbygder, men til dei 1,5 – 2 mill. menneska som bur langs E39. Alternativ nord peikar seg ut. Bygg alliansar og jobb mot storting og regjering!