Ikkje før har me lagt ut melding om brøyting av parkeringsplassar i tilknytning til naturområde, så får me høyra at brøytinga allereie er utført, og fint brøytt er det òg!!

Slik går det når ein har vore vekke frå bygda nokre dagar, er sein med å leggja ut nyhende og ikkje er skikkeleg oppdatert. Mykje ros til brøytemannskapa uansett.

Så gjeld det berre å nytta dei flotte snøforholda så lenge me har dei.