Kva gjer ein når vatnet er borte ein tidleg morgon ? Nokon tek turen ned i kjellaren i von om å få litt ut av røyra i vaskerommet, men i dag vart det berre ein knapp desiliter.

 

Kundetorget i Fitjar rådhus kunne fortelje at det var lekkasje ein stad i Øvrebygda. Det førde til tomme kranar i heile Øvrebygda og Dåfjorden. Litt seinare vart det funne brot på vassleidningen på Helland sør, og etter omkobling var det berre dette område som mangla vatn. Å finne ein vasslekkasje er ikkje alltid like enkelt, seier Karl Magne Engesund,  og i dag fekk arbeidskarane eit ekstra problem   der gravemaskinen   fann skaden på leidningen.Mykje vatn hindra arbeidet og ei pumpe måtte hentast.Då gjekk det endå to timar og ca kl 14.00 var skaden ordna. Dei som har vore kaffetørste i heile føremiddag kan no få seg ein smak, eller kanskje det er middagen som står for tur. Og bøndene og andre med,  får nok  fart på oppvask og anna vask  som ikkje let seg ordne i dag tidleg. Arbeidsfolka som var i sving heiter Karl Magne Engesund, Lars Erik Dalen (for firma K. Volden Transport)og Nils Inge Rimmereid.