Torsdag føremiddag er det ikkje vatn i springen fleire stader i Fitjar.
Årsaka er eit leidningsbrot, får me opplyst på kommunetorget i Fitjar kommune.
Område der det ikkje er vatn i springen, er blant anna Rossneset, Fitjarstølane, Havn og Landa.
– Det skal ikkje ta lang tid å få reparert skaden, lovar dei på kommunetorget.