14-årsjentene enda på 3.-plassen etter tap for Bønes i Vestlandshallen laurdag ettermiddag.

Ikkje uventa fekk Fitjar-jentene det tøft mot Bønes i kampen om kretsmeistertittelen. Etter tap 1-2 mot Mathopen/Vadmyra i den første KM-kampen måtte dei vinna dagens kamp med 3-0. Det viste seg snart å vera vanskeleg. Fitjar-jentene kjempa godt, men måtte til slutt tola eit 0-5-tap mot kretsmeistrane frå Bergen.

Ikkje alle jentene var like fornøgde etter dagens kamp, men dei har ingen grunn til å henga med nebbet. Det er ein stor prestasjon koma så langt som til å spela om kretsmeisterskapet. Ikkja så mange Fitjar-spelarar får oppleva det. Dagens kamp i Vestlandshallen var ei stor oppleving, som var vel verd å få med seg.

Og dagens bronsemedalje er god som gull! Me gratulerer med den flotte prestasjonen.