Mariann på startstreken. Bilete: Skjermdump frå streaminga på www.paralympic.org

 

Mariann Vestbøstad Marthinsen gjekk søndag ettermiddag inn til langdistanse-bronse i VM i ski for funksjonshemma.

Mariann Vestbøstad Marthinsen kom inn 57,4 sekund bak vinnaren, tyske Andrea Eskau. Marta Zaynullina frå Russland tok sølvmedaljen. Onsdag er det duka for sprint, med nye sjansar på edelt metall for Mariann.