Saman med 17 andre studentar frå HSH reiser Martha-Linn Vik Maraas til Tanzania i praksis 22 januar. Dei samlar òg inn inn pengar til brønn.

– Me skal vere vekke i fire veker. Der nede skal me ha praksis på ein offentlig skule som heiter Kaloleni Primary School. Denne skulen er svært fattig, og alle 1500 elevane må drikke det me ville kalle for «sutlevatn», fortel Maraas til fitjarposten.no.

Ho fortel vidare at HSH i fleire år har sendt studentar til Tanzania med Sigurd Sandvold som reiseleiar.

– I fjor starta studentane eit prosjekt om å bore ein brønn ved denne skulen. Dei klarte samle inn i alt 15 000 kr, men det var ikkje nok. Me vidarefører difor prosjektet i år og vil i samanheng med det samle inn så mykje pengar som muleg, slik at arbeidet kan starte.

– Om nokon av Fitjarposten sine lesarar ønskjer å støtte dette arbeidet, kan dei betale inn eit beløp til denne kontoen: 3546.66.24606, mrk. Brønn Tanzania, opplyser Martha-Linn, som er ansvarleg for innsamlinga.

– Tenk å starte 2014 med å kunne gjere ein forskjell for 1500 barn i Tanzania :-), skriv studentane på Facebook.

– Me har allereie vore i kontakt me nokre bedrifter som vil støtte med eit pengebeløp og nokre t-skjorter, pennar og diverse, seier Martha-Linn Vik Maraas til slutt.