Bridgefolket i Fitjar har ikkje gitt lyd frå seg på mange år, men i går kveld møtte me ein gjeng ivrige bridgespelarar på Øvrebygda skule.

Roger Træet fortel at bridgeklubben i Fitjar har lege i dvale i rundt 10 år på grunn av manglande frammøte. Men etter at Kristen W. Helland tok kontakt med Roger i fjor, har bridgemiljøet i Fitjar vakna til live att.

No har fitjarbuane slege seg saman med det som var att av Stord bridgeklubb, som og har lege nede med brekt rygg eit par år. I ekte kommunesamanslåingsånd har dei to klubbane gått saman under namnet Stord bridgeklubb, som har overteke eignelutane til Fitjar-klubben.

Men fitjarbuane har god styring på klubben. Leiar Roger Træet har berre med seg fitjarfolk i styret: Kasserar Roald Magne Nilsen, materialforvaltar Tore Fjeldberg og varamann Kristen W. Helland.

Spelelokalet er Øvrebygda skule, der dei ivrige mennene møtest kvar torsdag til fredeleg kappestrid. Aldersspennet er stort, frå Paul Kenneth Lillenes på 35 år til Torvald Ingebrigtsen på 79. Dessverre manglar dei damer, men dei er svært velkomne, fortel Kristen Helland.

Han oppmodar interesserte kortspelarar – menn og kvinner – om  ta kontakt, og seier dei vil hjelpa til med uorganisert bridgeopplæring dersom det trengst. Det er berre å ta kontakt med leiar Roger Træet, som reknar med at dei vil få til eit nybyrjarkurs rett etter ferien.