Ikkje mykje å jubla for på ærestribunen i Fitjar Idrettspark i år. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Regjeringen har enno ikkje opna for normal trening for alle, og derfor blir alt seriespel i senior breiddefotball avlyst, melder Norges Fotballforbund.

– Dette er ein trist dag for forbundsstyret, 18 fotballkretsar og ikkje minst alle klubbar og spelarar som er berørte og har hatt eit håp om seriespell i 2020, seier fotballpresident Terje Svendsen på nettsida til Norges Fotballforbund.

Bakgrunnen er at regjeringa ikkje har opna opp for normal kontakttrening igjen enno, og då er det ikke lenger praktisk mogleg å gjennomføra sesongen over heile landet. Bak avgjerda står styret i Norges Fotballforbund og dei 18 fotballkretsane i heile landet, blant desse Hordaland Fotballkrets.

Sjølv om det ikkje blir seriekampar i senior breiddefotball, er det ifølgje kretsleiar i NFF Hordaland Tore-Christian Gjelsvik desto viktigare å koma i gang med vanleg kontakttrening så raskt som mogleg for å dempa fråfallet

– Det er ikkje lenger økonomi, men fråfall i senior breiddefotball som valdar klubbane mest bekymring. Det viser klubbundersøkinga som NFF nyleg gjennomførte. Det blir meldt om langt færre folk på trening, og vi veit at A-laget er lokomotivet for frivilligheit og entusiasme i mange klubbar. Slit A-laget, så slit heile klubben. Det kan på sikt få konsekvensar også for tilbodet til barn og unge, seier Gjelsvik.

No ønskjer fotballpresident Terje Svendsen ein tett dialog mellom helsemyndigheitene og norsk idrett om korleis vi både kan ivareta behovet for normal kontakttrening og godt smittevern også for den gjenverande gruppa i senior breiddefotball.

Norges Fotballforbund vil saman med fotballkretsane setja seg ned for å sjå på ein lokal turneringsstruktur gjennom vinteren for å skapa motivasjon og fotballglede for senior breiddefotball. Ei eventuell gjennomføring kjem an på om myndigheitene gir klarsignal til kontakttrening og kampar.