No kan du logga deg inn på trådløst nettverk på Larsenkaien, eller Sjøsio m/Larsen, som det heiter no.

-Førebels snakkar me om eit provisorisk opplegg som er heilt ope. Ein treng verken passord eller koder for å koma inn, seier Edmund Helland i Fitjar Kraftlag til fitjarposten.no.

Etter kvart vil det bli eit meir permanent tilbod, der brukarane kan få eit kort med passord/kode hos Varehuset Larsen, for å koma seg inn på nettet.
-Det vil òg bli sett opp fleire accespunkt, som vil syta for breiare dekning enn det ein har akkurat no, supplerer Helland.

Ein av dei som gler seg over det nye breidbandopplegget er Svein A. Thoresen frå Hundvåg i Stavanger.  Han ligg til kai ved det nye kaianlegget ved Sjøsio, og likar å bruka pc`en både på og under dekk. At han no kan gjere det på Fitjar òg, synest han er storarta.

-Kaianlegget her er elles eit av dei betre anlegga eg har sett. Gode bølgjebrytarar og dybde nok. På butikken får me det me treng, og betre båtparadis enn skjergarden her på Vestlandet, finn ein ikkje, sier Thoresen, til slutt.