-To menn i 30-åra er pågripne og sett i arrest etter at dei forsøkte å bryta seg inn i ein bustad i Fitjar i natt. Dei skal òg ha kome med truslar mot vedkomande som  som budde på staden. 

Den eine av dei to blei i tillegg meldt for køyring i ruspåvirka tilstand, opplyser operasjonsleiar Terje Tonning ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

-Den fornærma, og dei to pågripne kjente kvarandre før. Og dei pågripne er no under forhøyr, legg operasjonsleiaren til.