A-laget til Fitjar fekk sitt første nederlag for sesongen, då Løvstakken gjesta Fitjar Idrettspark laurdag ettermiddag.

For første gong i årets 5. divisjon måtte A-lagsspelarane til Fitjar luska slukøyra og poenglause av banen. Løvstakken frå Bergen viste seg som eit godt lag, og gav ikkje noko gratis mot serieleiarane frå Fitjar.

Kampen begynte oppskriftsmessig med leiing for heimelaget. Etter 12-13 minutt la Fitjar-kaptein Øyvind Fykse Lie ei presis pasning framover i feltet, til toppscorar Jan Åge Tislevoll, som heada flott vidare i mål. Men den som hadde trudd at Fitjar med det skulle ta kontroll over kampen, tok feil. Kjappe og ballsikre gjester frå Bergen tok tak i kampen, og svarte med fleire store sjansar, utan å lukkast heilt. På slutten av første omgang var Fitjar-kapteinen Øyvind Fykse Lie heilt gjennom, og kunne gitt 2-0, men keeper Ken André Melbye redda med nød og neppe.

Alt i alt må Fitjar vera fornøgde som kunne gå til pause med 1-0, men det skulle ikkje gå meir enn eitt minutt av andre omgang før gjestene utlikna. Fitjar-forsvaret klarte ikkje å telja opp alle angriparane som møtte eit langt kast inn i feltet til Fitjar. Dermed kunne Tord Stensletten setja ballen sikkert i mål frå kort hald. Andre omgang heldt fram med eit lite overtak for gjestene frå Bergen. Dei viste seg sterke i duellane, var først på ballen, og sette fart så snart dei fekk sjansen. Dermed hadde Fitjar meir enn nok med å halda følgje.

Løvstakken hadde dei fleste og beste sjansane heilt til me kom inn i dei dramatiske sluttminutta. Om lag fem minutt før slutt låg ballen i buret til Løvstakken, men målet til Fitjar blei annullert. Toppscorar Jan Åge Tislevoll var litt for hardhendt mot ein sint borteforsvarar før han la ballen flott bak keeperen til Løvstakken. I staden for leiing til Fitjar, kom Løvstakken tilbake, og kunne scora ved Marius Ahlsen. Ei flott heading over Fitjar-keeper Oddgeir Træet på veg ut mot 16-meteren.

Fitjar hadde fleire farlege sjansar på overtid, men gjestene reid stormen av, og kunne jubla for tre poeng mot skuffa serieleiarar. – Utan tvil det beste laget me har møtt i år, seier hjelpetrenar Ketil Fykse til Fitjarposten. Noko det ikkje er vanskeleg å vera einig i. Dermed var det brått slutt på flyten for Fitjar, sjølv om dei framleis leier puljen sin, 5. divisjon avd. 01. Så spørst det om dei reiser seg til bortekampen mot Lysekloster 2 neste søndag, og prestisjeoppgjeret mot Trott heime laurdag 8. juni.