Søndag lagar Fitjar skulekorps til liv og røre i Breiavikjo.

 

I helga startar Fitjar skulekorps opp sesongen. Først eit seminar, med øving i kultur- og idrettsbygget. Etter at dei er ferdige laurdag, pakkar dei saman og fêr på overnattingstur til Breiavikjo, der dei skal overnatta til søndag, og inviterer då til aktivitetar og påfyll for kropp og sjel. Sjå elles annonsa til høgre.

Det verkar i alle fall som korpset er meir enn klare for dette, for dei kjem med følgjande utsegn:  «Vi gler oss heise! Korpset tek ei natt i friluft i friluftsåret!»