Om nokon trudde at Fitjar brannvesen berre slukkar brannar, fekk dei erfare noko anna i dag. Ei sterk oppleving for både store og små. Foto: Håkon C. Hartvedt

For i dag fekk me sjå på nært hald det brannfolka våre mange gonger har praktisert ved alvorlege bilulykker, der førar eller passasjer sit fastklemt eller kan vere utsett for store indre skadar. 

Heile poenget er å få ut pasienten så fort som mogeleg utan at vedkomande vert tilført ytterlegare skader, og då må gjerne dører og vindauge vekk slik at dei kan kome til med båre. 

Publikum fekk følgje prosessen steg for steg på nært hald, og inne i bilen sat Martha-Linn Maraas som markør.

-Ei heilt spesiell oppleving. Det heile vart så realistisk at eg etter ei stund begynte å skjelve på nevane. Men brannmannen som heldt rundt nakken min heile tida i tilfelle nakkeskade, snakka heile tida roleg til meg og fortalde kva som skjedde når lydane vart skremmande, seier Martha-Linn til fitjarposten.no.

– Men eg vonar at eg aldri kjem ut i ein slik situasjon i det verkelege livet, legg ho til.

Her har brannfolka fått Martha-Linn på båre og ut av bilen. Så brøt folk ut i stor applaus. Foto: Håkon C. Hartvedt