Branntryggleik i heimen står i fokus når brannvesen over heile landet inviterer til open brannstasjon i høve Brannvernveka. På Fitjar blir det open dag i Årskog førstkomande laurdag.

– Det skremmer at over halvparten av alle nordmenn ikkje har teke den viktige brannpraten med familien, seier Anders Rørvik Ellingbø, branningeniør og leiar for skadeførebyggjande avdeling i forsikringsselskapet If.

Ein samtale rundt middagsbordet for å bli einige om møtestad ved brann, kven som skal ta med kva barn og så vidare, er eit enkelt tiltak for å auka tryggleiken heime, meiner han.

Éin  av fire hevdar at dei har gjennomført brannøving og prøvd ut rømmingsvegar heime, viser undersøkinga som TNS Gallup nyleg har utført for Norsk brannvernforeining, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og If. Dette er altfor få.

– Brannøving heime er noko vi ønskjer at alle skal ha, understrekar brannsjef Tore Nesbø i Fitjar.

På rundt 350 stader over heile landet inviterer brannvesenet til Open brannstasjon laurdag 22. september. Arrangementet er lagt opp som ein familieaktivitet, der barn og vaksne får gode råd om branntryggleik. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein kan oppleva.

– Open brannstasjon gir oss eit høve til å formidla brannførebyggjande bodskap til publikum i ei tid på året da talet på bustadbrannar ofte er aukande. Om hausten trekkjer vi meir innandørs, og vi slår på lys og varme, fyrer i peisen og tenner levande lys, seier Tore Nesbø.

Brannvernveka vert arrangert av Norsk brannvernforeining, DSB og If i samarbeid med brannvesenet.

I Fitjar skal me ha open dag på brannstasjonen i Årskog, i samband med Brannvernveka, no førstkommande laurdag 22.09 frå kl. 11 til 14.00. Fitjar Kraftlag vil og delta, opplyser Tore Nesbø, som ønskjer store og små velkomne til den tradisjonelle tilskipinga på brannstasjoen.