Kvar haust treng folk ei påminning om brannsikkerheit blant anna med tanke på oppvarming, levande ljos og peiskos.

Førebyggjande arbeid har stor verdi, seier ein av brannmennene i Fitjar, Trond Henriksen. Difor samarbeider brannvesenet og Fitjar Kraftlag  om opplegg i brannvernveka som snart er til ende. Avtalt besøk i nokre barnehagar  er utsett til neste veke.  –  Ungane er interesserte og det er viktig å få dei i tale. –  I dag var det populært å prøve å styre vass-spruten på den kraftige brannslangen, og mange hadde lyst til å prøvesitje i brannbilen. Raud brannhjelm på hovudet var spennande og elles ta ein titt på utstyret som brannbil eller redningsbil har med seg. Ein representant frå Fitjar Kraftlag  var på plass i dag og viste ljosbilete og informerte om farlege situasjonar i heimen, særleg med tanke på opplading av mobil, pc, nettbrett, barbermaskin osv. Støpselet må alltid takast ut etter bruk. Det er svak elektronikk i desse små apparata.

Trond Henriksen fortel  at brannfolk kjem på heimebesøk dersom nokon har mistanke om feil i det elektriske anlegget, eller ein tilrår kontakt med Kraftlaget. Ein del av førebyggjande arbeid er også feiing og tilsyn med omnar, peis eller piper. Og kvar heim har eit ansvar med omsyn til røykvarslarar og sløkkjeutstyr. Kraftlaget utfører faste kontrollar i ca. 200 elektriske anlegg i året. 

På spørsmål om utrykking med brannfolk i Fitjar svarar Trond at mesteparten gjeld helseassistanse, til dømes hjartestansar, eller hjelp ved ulykker på sjø og veg. – Det er heldigvis få brannar i bygda vår, avsluttar Trond. Det var god oppslutnad på brannstasjonen denne hausten også, og ein la spesielt merke til alle smårollingane som kom saman med foreldre eller besteforeldre. Innimellom var det høve til å få varme pølser, saft, kaffi og nysteikte vaflar, og ein slikkepinne eller liten ball som Kraftlaget spanderte.

Fitjarposten fekk eit kort der ein blir oppfordra til å ha brannøving i heimen. På baksida står det viktige seks viktige sjekkepunkt.

Ingressbilete: Eldrid Fitjar prøver å styre brannslangen. Foto Turid Sandvik.