Ein minibuss med Brann-supporterar blei søndag eskortert heimatt av politiet.

Det er dekka for siste runde i TIppeligaen, og for å berga plassen mobiliserer Brann-fansen. Men det er ikkje alle som er like velkomne. Søndag blei ei minibusslast med supporterar frå bergenslaget eskortert heimatt frå Haugesund, der dei to vestlandslaga skal møtast søndag Det er Bergens Tidende som melder dette. Dei kom til fergekaien i Sandvikvåg rett over halv to, i følgje med fleire politibilar. Opphaldet på kaien gjekk roleg føre seg, og politiet kjørte ombord saman med minibussen.

 

Ingressbilete: Den mørke minibussen med politieskorten hakk i hæl. Foto: Arne Vestbøstad