Brannsirena ulte mange gonger i dag, men heldigvis var det ikkje brann nokon stad.

Førebyggjande arbeid for å hindre brann er viktig i alle heimar. Kvar haust i september vert det sett fokus på brannvern. Barnehagar og skular har ofte dette som tema i brannvernveka, og Fitjar Brannstell inviterte til open dag på brannstasjonen i Årskog.

Mange små og store møtte opp i dag. Trond Henriksen som er ein av Fitjar sine utrykningsleiarar, let borna få vere med og styre vass-slangen som vert nytta ved sløkking. Nokre synest nok at dette var litt skummelt, for det var sjølvsagt ein kraftig sprut. Til tider stod mange i kø som ønskte ein tur med brannbilen. Sirena vart sett på, både til glede og skrekk for passasjerane. Borna fekk ein brosjyre med oppfordring til å delta i konkurransar på internett. I ei stor øskje låg det raude caps til dei som ville ha.

Brannstellet sin redningsbil stod parkert med dørane opne, slik at ein kunne sjå diverse hjelpeutstyr som og vert nytta ved trafikkulykker. Utrykningsleiar Johan Nilsen nemnde tre viktige punkt som bør snakkast om i kvar ein heim: Røykvarslarar, sløkkjeutstyr og rømingsvegar.

Det var ein strålande haustdag frå naturen si side, og mat og drikke mangla heller ikkje. Fitjar kommune var med og spanderte, og born og vaksne kosa seg med kaffi og nysteikte vaflar eller varme pølser.