Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Det brenn mest i desember, og den farlegaste dagen av alle var litle julaftan i fjor, viser tal frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, DSB. 

Desembertala for i fjor viser 359 brannar og branntilløp. Åtte personar omkom. Flest branntilfelle var det på litle julaftan med 23 hendingar. Det er forsikringsselskapet Tryg som minner om dette i ei pressemelding.

Brannfarlege juleførebuingar

– Litle julaftan er ein dag prega av førebuingar og mykje bruk av levande lys og open eld. Dei fleste branntilløpa startar ved komfyren på kjøkenet, og dagen før dagen blir det gjerne laga mykje feit julemat i grytene. Mange får besøk, og det er fort gjort å gløyma komfyren nokre sekund. For dei som blir ramma av brann i jula, er det ekstra tragisk. Det kan sikkert vera flott å feira jul på hotell, men neppe viss det er på grunn av at huset ditt har brunne ned, sier Øyvind Setnes, førebyggingsekspert i Tryg Forsikring.

31 omkomne hittil i år

I fjor registrerte forsikringsbransjen vel 30.000 skadar etter brann, til ein estimert skadekostnad på 6 milliardar kroner. I fjor omkom 39 menneske i brann, medan talet på omkomne hittil i år er 31. Av disse er 26 menn og fem kvinner.

– Menn er overrepresenterte blant omkomne og skadde i brannar og branntilløp, og ei av årsakene kan vera at dei generelt er dårlegare til å tenkja branntryggleik, meiner Setnes.

– Og så høyrer det med at tre av fire som misser livet i brann, er personar med nedsett funksjonsevne eller rusavhengige, og eldre over 70 år har opptil fem gonger høgare risiko for å omkomma i brann samanlikna med resten av befolkninga, legg han til

Pass på komfyren!

Nær halvparten av alle brannar og branntilløp i fjor starta på komfyren, og Oslo er fylket med klart flest slike hendingar.

– Dette er som regel tørrkokingar; ein gløymer kokeplata, og i verste fall tar det fyr. I adventstida lagar vi mykje mat heime. Gløymde gryter med olje, smolt eller ribbefeitt som tar fyr, er ein av gjengangarane til alvorlege branntilløp, og dei aller fleste skjer på ettermiddagen, seier Setnes.

Slik kan det sjå ut etter ein komfyrbrann. Foto:  Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.

Gode råd for ei brannsikker adventstid:

  • Ver førebudd på at det kan brenna.
  • Test røykvarslarane jamleg, ha seriekobla røykvarslarar.
  • Gjer deg kjend med korleis sløkkjeapparatet verkar.
  • Gjennomfør brannøving, lær barna rømmingsvegane.
  • Skru av elektriske julelys om natta, og når du ikkje er heime.
  • Gå aldri frå levande lys, sjekk at alle levande lys er sløkte.
  • Unngå lysmansjettar og brennbar pynt.
  • Sjekk det elektriske anlegget, ikkje overbelast straumnettet.
  • Ver forsiktig med å bruka for mange skøyteleidningar og unngå store floker.
  • Slå av komfyr, vaskemaskin og tørketrommel når du søv eller er ute.
  • Unngå tørrkoking, bruk komfyrvakt.
  • Ved brann, hugs denne rekkjefølgja: Berga – Varsla på 110 – Sløkkja.