Brannen som i kveld starta i Tveitafjellet, oppom Vik, skal no vera sløkt.

 

Det er politiet som fortel dette til fitjarposten.no. Brannen blei sløkt for den rakk på gjera særleg stor skade, men eit område på tre-fire mål er merka av kontakt med elden. Høgst truleg er det lynnedslag som starta brannen.

 

Det var godt synleg røykutvikling, men brannen rakk ikkje å utarta, trass i god tørk dei siste dagane, samt sterk vind. Foto: Arne Vestbøstad