På Fitjar køyrde to brannbilar med blålys oppover mot Øvrebygda i går kveld.

På Fitjar køyrde to brannbilar med blålys oppover mot Øvrebygda i går kveld. Brannsjef i Fitjar Tore Nesbø seier at det vart meldt om flammer i Svartasmoget, men seinare korrigert til å vere i Bøkenes. Men det som skjedde var bålbrenning som hadde pågått utetter dagen og kvelden. Brannvarslinga kan vel seiast å vere ei misforståing. Tore Nesbø nyttar høvet til å kome med ei åtvaring: Ikkje bålbrenning etter at det er blitt mørkt !