Politiet fekk litt før kl 23.00 i går kveld melding om at det var brann i Heiane mottakssenter.

Brannvesen, politi og ambulanse vart sendt til staden, og bebuarane vart evakuert.

Det synte seg at det var brann på eit bad. I følgje politiet tyder opplysningane på at eit fem år gamalt barn hadde leikt med fyrstikker.

Etter at brannen var sløkt kunne bebuarane vende tilbake til bustadene sine.

– Politiet vil opprette sak på forholdet, og det vil bli gjort ytterlegare etterforskningsskritt i ettertid, seier operasjonsleiar Håkon Tornes ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.