Ein mann og to ungdomar på Eide måtte vekkjast og innlosjerast hos naboen i natt. Etter at uthuset deira plutseleg stod i full fyr, var det fare for at elden kunne ta tak i bustadhuset.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 00.58 i natt, og då dei kom fram var uthuset overtent. Ei ekstra utfordring for slokningsarbeidet var at vatn måtte hentast frå ein brønn i nærleiken. Uthuset brende ned, men bustadhuset og folka vart  berga.

Ein bil skal òg ha blitt skada av brannen.