Det er akkurat no brannutrykking til Svartasmoget. Kva og kor mykje som brenn, veit me ikkje enno.

Men det har vore sterk røykutvikling, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Og røyken er synleg heilt i frå Fitjarstølane. (Sjå bilete som vart teke kl. 16.55). I skrivande stund er røyken blitt kvit, så brannmannskapa er tydeleg komne fram og jobbar med saka.