Foto: Jonas Sætre/Stord24

Naudetatane er på veg til SIM sitt avfallsanlegg i Svartasmoget på Fitjar.

Det var klokka 06.40 måndag morgon at Politiet i Sør-Vest meldte om brannen i SIM sitt avfallsanlegg på Fitjar.

– Det brenner i plast og det er mykje røyk i området, opplyser operasjonsleiar Olaug Bjørnsen ved Sør-Vest politidistrikts operasjonssentral.

Klokka 07.20 melder Politiet i Sør-Vest at politiet er på staden og at det brenner på ein open deponiplass.

– Sort røyk i området. Har ikkje oversikt over omfanget per no. Ingen busetnad i nærliggande område, skriv politiet på Twitter.

Foto: Jonas Sætre/Stord24

Vil ta tid å sløkka

Brannvesenet skal no sørge for at ein gravemaskin startar med å grave på staden slik at brannen ikkje etablerer seg nedover i terrenget, opplyser operasjonssentralen.

Politiet skriv i sin nyaste oppdatering frå staden at det foreløpig ikkje er behov for å evakuera nokon, men at det vil ta lang tid å sløkka brannen.

– Overflateflammene er slått ned, ikke fare for spredning videre på anlegget eller til bygg. Fortsatt veldig varmt i depotet som brenner. Innsats på stedet vil foregå i lang tid fremover, utdjuper brannvesenet.

Foto: Jonas Sætre/Stord24