Dette har me saksa frå politiloggen for Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

I går kveld var det mykje lyn og torden, og det er truleg grunnen til at det tok fyr i eit sikringsskap. Brannstellet, Fitjar Kraftlag og politiet har vore på staden. Det viser seg at skapet er heilt utbrent, men til alt hell spreidde ikkje brannen seg i einebustaden. Til slutt skriv politiet at dei vonar skaden vert utbetra før julehøgtida startar.

Ingressbilete frå utrykking i høve lynnedslag. Foto Fitjar brannstell.