Foto: Tipsar

Brannen er no slukka, men ein person har fått brannskadar.

Politiet melder på twitter at dei kl. 15.52 skal ha fått melding om brann i eit fartøy ved Fitjar Mekaniske Verksted.

– Ein person skal vera brannskada, og fleire har inhalert røyk. Nødetatane har kontroll på brannen.

I ei seinare oppdatering skriv dei at den brannskada får behandling på staden. Personen er bevist, men omfanget av brannskaden er ukjent. Tre andre har inhalert røyk, og blir sett på av helsepersonell på staden.

Vidare skriv dei i oppdateringa at brannen no er slukka.

Brannen skal ha skjedd på båten Hordagut. Foto: tipsar

Det er uklart kva som er årsaka til hendinga, og Irene Ragnhildstveit ved Politiet i Sør-Vest sin operasjonssentral kan ikkje sei kva slags fartøy det er snakk om.

– Eg har ikkje fleire opplysningar enn det som står på Twitter. Naudetatane er framleis på staden og gjer dei undersøkingane dei må gjere, seier ho.

Politiet melder i sin siste melding på Twitter at det er snakk om ein brønnbåt.

Stord24 får opplyst frå ein tipsar at det var to ambulansehelikoptre på staden. I følgje Haugesunds Avis er den brannskada personen frakta med ambulansehelikopter til Haukeland sjukehus.