Brandøy Misjons- og konferansesenter. Foto: Annbjørg N. Våge.

Brandøyhelga 2018

Om halvannan veke ynskjer Brandøy Misjons- og konferansesenter på Bjoa i Vindafjord velkommen til Brandøyhelga 2018!

Brandøy er først og fremst ein leirstad for Indremisjonssamskipnaden (IMS), men det er også ein flott stad for forsamlingshelger, slektstreff, bryllaup, konfirmasjonar, kurs, stemne og så vidare. Siste helga i august er årets Brandøyhelg.

– Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til ei innhaldsrik og kjekk helg! skriv Annbjørg N. Våge i ei pressemelding.

Helga byrjar med seminar ved Aksel Lygre laurdag 25. august kl. 15.30. Tema for samlinga er «Korleis veksa i nåden og kjennskap til Jesus?». Vidare vert det middags- og dessertbuffé kl. 18.00 (påmelding). Kvelden vert runda av med «Nåde» av og med Ryfylke Livsgnist, ei humoristisk og tankevekkande førestelling om den forunderlege nåden. Kaffi og drøs utover kvelden.

Søndag 26. august er sjølve Brandøydagen. Dagen byrjar med stormøte kl. 11.00. Her vert det tale ved Johannes Olsen, song og musikk, og eige barneopplegg. Kl. 14.30 rundar vi av helga med familietreff, med andakt ved Marit Andresen Røen. Mellom søndagsmøta vert det matsal og aktivitetar.

Du finn meir detaljert informasjon om påmelding, overnatting, prisar og tidspunkt på
www.indremisjonen.no, heiter det til slutt i pressemeldinga frå Brandøy Misjons- og konferansesenter.

Johannes Olsen. Foto: Marit H. Ådnanes.